Tore Kvæven og Tore Skeie
Kvar kjem ideane våre om det norske frå, og korleis har historia vår forma oss?
Tore Kvævens Bragepris-vinnande roman Når landet mørknar er lagd til Grønland på slutten av 1200-talet, ei tid då øysamfunnet var i endring og dei som budde der, blei tvinga til å tenkje nytt. Gjennom historia om den visjonære grønlendaren Arnar Vilhjalmsson skildrar Kvæven kampen mellom det nye og det gamle når eit nytt samfunn veks fram.
Historikar, kritikar og forfattar Tore Skeie har sett seg føre å skrive historia om dei store kongane i den turbulente overgangen frå vikingtid til mellomalder. Første band, Hvitekrist, kom ut i haust til svært gode kritikkar og tek føre seg Olav Haraldssons liv og samtid. Tida var prega av skiftande alliansar, hyppige krigar og framveksten av kristendomen, og eit nytt rike og ein ny samfunnsorden var i framvekst.
Vikingtida er ein periode som både blir mytologisert og romantisert, men som òg er ei konkret historisk tid med grunnleggjande hendingar for Noregs framvekst. Korleis har perioden og skildringane av han forma den norske identiteten?
Kvæven og Skeie møter kritikar, norrønfilolog og journalist Carline Tromp til samtale om historieskriving som både skjønnlitteratur og sakprosa, norsk identitet og kvifor ein alltid vender tilbake til vikingtida.
Litteraturhuset Wergeland forfattersamtale Billett https://litteraturhuset.ticketco.events/no/nb/e/jakta_paa_det_norske_tore_kvaeven_og_tore_skeie