Poseidon er namnet han ber i gresk mytologi, Neptun heiter han på latin, men i båe tilfella er han konge over havet med gaffel i handa, rid bølgjene med ei vogn dregen av sjøhestar og er gift med ei undervakker havfrue. Afrodite heiter guden for kjærleik og erotikk på gresk, for romarane heiter ho Afrodite, men også her har ho tallause friarar og ein stor kjønnsleg appetitt. I tillegg er det Zevs–Jupiter, Dionysos–Bacchus, Hades–Pluto, og lat oss ikkje gløyme Gaia–Terra med den vanvitige mengda av avkom ho har.
Thea Selliaas Thorsen er klassisk filolog og forfattar og har mellom anna attdikta lyrikk av den antikke poeten Ovid. No opnar ho Litteraturhusets nye føredragsserie om mytologiar med ei all inclusive-tilnærming til dei greske og romerske guddomlege personlegdomane og den overjordiske livsutfaldinga deira.
Arrangementet er del av Litteraturhusets satsing Folkeopplysning, som vert presentert i samarbeid med DNB.
Wergeland Litteraturhuset Føredrag ved Thea Selliaas Thorsen