Med Anna Kleiva, Linda Eide og Endre Ruset
Anna Kleiva er forfattar med, så langt, tre fine bøker på samvitet. Den siste utgjevinga hennar heiter Drikkeviser frå Paris, og er det så enkelt at ein då kan slutta at ho vil halda med Frankrike i VM?
Forfattar og programleiar Linda Eide hugsar godt Argentina frå 1978, ho lika draktene og at dei til slutt gjekk av med sigeren, og at brørne hennar var forbanna på henne, fordi dei heia på Nederland. Kva tenkjer ho om VM i år? Har det gjort like stort inntrykk?
Ballfordelaren denne kvelden er, som i resten av fotballsalongane til Litteraturhuset dette VM-sluttspelet, Endre Ruset. Han er poet, fotballentusiast og redaktør for det (nett)litterære sportstidsskriftet Olympiastadion.
Etter arrangementet vises den første av semifinalene kl. 20.00.
Litteraturhuset Wergeland Russisk fotballsommer på Litteraturhuset