Close-up av Tristram Shandy

Nærlesing ved Trond Haugen

Icon of a place

Icon of an id badge

Arrangert avLitteraturhuset

I boka The Life and Opinions of Tristram Shandy, Gentleman fortel Tristram Shandy om livet sitt utan å kome til poenget. Likevel har han fått sin velfortente plass i den litterære verdskanonen, takka vere dei endelause digresjonane sine, episodane utan byrjing og struktur og eit litterært univers av vellystige prestar og gentlemen utan dei heilt gode manerane.

I år er det tre hundre år sidan adelsmann, landsbyprest og forfattar Laurence Sterne blei fødd. Vi feirar han med å la kritikar og litteraturvitar Trond Haugen nærlese ein av dei heilt store litterære ironikarane. I 2005 fekk den store britiske regissøren Michael Winterbottom og komikaren og skodespelaren Steve Coogan (The Trip) strålande kritikkar for si frie tolking av Tristram Shandy. Vi avsluttar kvelden med filmvising.

Wergeland Litteraturhuset Nærlesing ved Trond Haugen

Andre anbefalte arrangementer

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Meld deg på vårt ukentlige nyhetsbrev – og få spennende nyheter og arrangementer i innboksen hver uke!