Landbrukspolitikk for dummies

Ved Espen Løkeland-Stai

Icon of a place

Icon of an id badge

Organised byLitteraturhuset

Ved Espen Løkeland-Stai

Kva politiske val har leidd fram til den situasjonen me har i dag, med eit stendig veksande kjøtforbruk, aukande matimport og eit landbruk som kvar dag blir meir sentralisert? Og kvifor er det ikkje større skilnader i det politiske landskapet når det gjeld matpolitikken?

Forfattar og journalist Espen Løkeland-Stai gav i 2013 ut boka En nasjon av kjøtthuer. Ni myter og en løgn om norsk landbrukspolitikk saman med Svenn Arne Lie. No er han i gang med ei ny bok, der han ser nærare på kva alternativ ein har til dagens norske landbrukspolitikk. Kva andre vegar finst om ein ønskjer seg i ei meir berekraftig retning?

Arrangementet er det siste foredraget i vårserien «Matpolitikk for dummies» på Litteraturhuset, som blir avrunda med ein strategidiskusjon 5. juni (https://litteraturhuset.no/arrangement/matpolitikk-for-dummies/strategidiskusjon-matpolitikk/).

Litteraturhuset Wergeland Matpolitikk for dummies

Andre anbefalte arrangementer

Sign up for our newsletter

Sign up for our weekly newsletter – and get exciting news and events in your inbox every week!